Krigens laboratorium
-
- $72.99
-
- $72.99
Publisher Description
Vitskapsfolk er sentrale i dagens våpenkappløp, samstundes som dei jobbar for å redde liv på andre felt. Med klok og engasjerande penn utforskarforfattar og kjemikar Unni Eikeseth dette paradokset. Ho møter forskarar som utviklar nye våpen, og redningsarbeidarar som må handtere konsekvensane av moderne våpenteknologi.
Det manglarikkjeverdsproblem å løyse i dag. Vi har avgrensa menneskelege, økologiske og økonomiske ressursar, og ei satsing på våpen vil gå ut over andre viktige område. Er det slik at ei styrking av forsvaret er vegen til fred, eller burde vi heller utforske andre måtar å bruke vitskap og teknologi på for å oppnå trygge samfunn? I denne boka inviterer Eikeseth til ein etisk refleksjon rundt kva vi brukardei felles ressursane og kunnskapen vår på.
Gjennom historiene om ulike våpentypar og vitskapsfolka som skapte dei, ser Eikeseth med kritisk blikk på det vitskaplege grunnlaget for dagens militære opprusting og tryggleikspolitikk. Ho stiller deikrevjande spørsmåla: Skal norske universitet og forskingsinstitusjonar delta i utviklinga av moderne våpen? Og kven har ansvaret når kunnskap får livsfarlegekonsekvensar?
Unni Eikeseth (f. 1974) er utdanna kjemikar og har jobba mange år som programleiar og vitskapsjournalist i NRK. Ho er opptatt av å formidle naturvitskap til eit allment publikum og har skrive fleirepopulærvitskaplege bøker for vaksne og ungdom. Eikeseth arbeider i dag som førstelektor i naturfag ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Ho er frå Førde i Sunnfjord kommune.