The Significance of the Peer Patient in the Exchange of Information in an Internet Based Discussion Forum/Medpasienten Si Rolle I Informasjonsutvekslinga I Eit Internettbasert Diskusjonsforum (Report)
Nursing Science & Research in the Nordic Countries 2011, Summer, 31, 2
-
- $5.99
-
- $5.99
Publisher Description
Introduksjon Brystkreft er den hyppigaste kreftforma og utgjer omlag 23 % av alle krefttilfelle hja kvinner. Betring i diagnostisering og behandlingsmetodar gjer at fleire brystkreftpasientar i dag blir kurert, eller lever lengre med kreftdiagnosen (1). Det a fa ein kreftdiagnose er forbunde med usikkerheit, stress og kaos (2, 3). Mange kan ha ei rekke biverknader og symptom knytt til effektar av behandling og sjukdomen, og grunna kortare sjukehusinnlegging og meir poliklinisk behandling ma pasientane i stOrre grad hanskast med desse i heimen (3). Sjukdom, mistanke om sjukdom og trussel om spreiing og tilbakefall truar tryggleiken til pasienten (3, 4).Venting mellom behandlingar og prOvesvar forverrar situasjonen (2, 3, 5). I venteperiodane etterlyser pasientane informasjon og stOtte fra helsepersonell og kontakt med andre i same situasjon (3, 6, 7). Informasjonen betrar pasienten sin forstaing av eigen situasjon og gir ei oppleving av kontroll (4). Kommunikasjonen i informasjonssamtalen ma vere anerkjennande og skape tryggleik og tillit (8). Dersom den skal vere meiningsfull og effektiv for pasienten, ma den og ta utgangspunkt i pasienten si bekymring (8, 9). A ta vare pa kvarandre er grunnleggjande menneskeleg (9) og eit viktige element i relasjonen for at informasjonen skal bli motteken og forstatt.