FelâtunBey og RâkımEfendi FelâtunBey og RâkımEfendi

FelâtunBey og RâkımEfendi

    • CHF 33.00
    • CHF 33.00

Descrizione dell’editore

«Felâtun bey og Râkımefendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.


For å balansere impulsanefrå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. MotspelarenRâkımefendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral.


Stilistisk kombinerer Ahmet Mithatimpulsarfrå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesareneit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.


Romanen er omsett av Gunvald Axner Ims (f. 1979). Han er omsetjar med master i tyrkisk frå Universitetet i Oslo og doktor i tyrkiske språk frå Uppsala universitet. Ims har forska på Orhan Pamuk og på ironiske framstillingar av vestleggjering i tyrkiske romanar. Han debuterte som tyrkisktalande hjå ein vertsfamilie i Izmir skuleåret 1996–97, og har sidan studert og forska i Istanbul over fleire år. Sidan sin debut som tyrkiskomsetjar i 2004 har han mellom anna omsett AslıErdoğan, Ahmet Altan og Ahmet HamdiTanpınar.


Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar, fødd i Istanbul, og ein av dei første romanforfattarane i tyrkisk litteratur. Livsverket hans omfattar rundt 40 romanar, fleirenovellesamlingar og litteraturkritiske artiklar. Etter fleireomflakkande år som førte han til Balkan, Bagdad og Rodos, returnerte han til Istanbul i 1870-åra og etablerte seg som avismann, utgjevar og kulturkritikar. Han hadde band til den moderne reformrørsla, men stilte seg samstundes kritisk til den utsvevande og europeisk-inspirerte livsstilen til mange i hans generasjon, og gjorde «den europeiske snobben» til ein sentral litterær figur.

GENERE
Narrativa e letteratura
PUBBLICATO
2020
16 giugno
LINGUA
NN
Norvegese Nynorsk
PAGINE
224
EDITORE
Skald as
DIMENSIONE
2,3
MB