Stormfulle høgder Stormfulle høgder

Stormfulle høgder

    • 649,00 Kč
    • 649,00 Kč

Publisher Description

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til verket har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. 

Emily Jane Brontë (1818–1858) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2019
13 December
LANGUAGE
NB
Bokmål
LENGTH
480
Pages
PUBLISHER
Skald as
SIZE
2.6
MB

More Books by Emily Jane Brontë