Ein, ingen og hundre tusen Ein, ingen og hundre tusen

Ein, ingen og hundre tusen

    • 30,99 €
    • 30,99 €

Publisher Description

«Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn.


Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda.


Luigi Pirandello (1867–1936) vart fødd i ein velståande familie på Sicilia. Foreldra ønskte at han skulle ta over familieforretninga, men Pirandello var mest interessert i humanistiske fag og tok doktorgrad i filologi. I 1920-åra hadde forfattaren og dramatikaren veksande suksess med skodespela sine. Hans moderne og avantgardistiske litterære verk hadde etter kvart enorm påverknad på det moderne absurdteateret og gjorde Luigi Pirandello til ein av dei største italienske forfattarane gjennom tidene. I 1934 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2020
10 November
LANGUAGE
NB
Bokmål
LENGTH
213
Pages
PUBLISHER
Skald as
SIZE
2.6
MB

More Books by Luigi Pirandello

Il fu Mattia Pascal Il fu Mattia Pascal
2010
Il fu Mattia Pascal Il fu Mattia Pascal
1904
Ο μακαρίτης Ματία Πασκάλ Ο μακαρίτης Ματία Πασκάλ
2018
As You Desire Me As You Desire Me
2005
One, None and a Hundred Thousand One, None and a Hundred Thousand
2020
One, None, and a Hundred Thousand One, None, and a Hundred Thousand
2020