Valskyldskapane Valskyldskapane

Valskyldskapane

    • 32,99 €
    • 32,99 €

Publisher Description

Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiks-roman frå starten av 1800-talet. Som ein av dei store romanane om ekteskapsbrot skapte han oppstuss, blei sett på som usedeleg og sett i samanheng med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde. Karakteristisk for Goethes verk er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. I denne romanen ligg teorien om valskyldskapane av den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman i botnen.


Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med denne romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på denne epoken.


Johann Wolfgang von Goethe (1779–1832) er utan tvil den viktigaste forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figur i den europeiske romantikken på 1700- og 1800-talet. Goethe var banebrytande i si tid, og han var ein frontfigur i den tyske litteraturepoken «Sturm und Drang» som var ein motstraum mot den franske klassisismen, tradisjonalismen og den dominerande rokokkostilen. Saman med Friedrich Schiller utvikla Goethe diktinga si i ei meir avklart og historisk orientert retning, og danna grunnlaget for det som seinare vart omtalt som Weimarer Klassik (weimarklassisismen).

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2019
13 September
LANGUAGE
NB
Bokmål
LENGTH
320
Pages
PUBLISHER
Skald as
SIZE
2.3
MB

More Books by Johann Wolfgang von Goethe

Faust Faust
1587
Faust; a Tragedy, Translated from the German of Goethe Faust; a Tragedy, Translated from the German of Goethe
1832
The Sorrows of Young Werther The Sorrows of Young Werther
1774
Faust Faust
1832
The Poems of Goethe The Poems of Goethe
2015
Autobiography: Truth and Fiction Relating to My Life Autobiography: Truth and Fiction Relating to My Life
1832