198. Mi reise til alle verdas land
-
- 149,00 kr
-
- 149,00 kr
Publisher Description
Gunnar Garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og ville påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag.
Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode vener. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketur.
Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 11 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du knapt visste om.