Dei som flyktar og dei som blir Dei som flyktar og dei som blir
Book 3 - Napoli-kvartetten

Dei som flyktar og dei som blir

    • 4.1 • 10 Ratings
    • 169,00 kr
    • 169,00 kr

Publisher Description

OM BOKA


Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring

I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, mens Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. 

Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. 

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Bok IV i Napoli-kvartetten, Historia om det tapte barnet, kjem hausten 2016.




OM FORFATTAREN


ELENA FERRANTE er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 33 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2016
2 March
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
501
Pages
PUBLISHER
Det Norske Samlaget
SIZE
2.6
MB

More Books by Elena Ferrante

Mi briljante venninne Mi briljante venninne
2015
Historia om det nye namnet Historia om det nye namnet
2015
Historia om det tapte barnet Historia om det tapte barnet
2016
Svikne dagar Svikne dagar
2017
Den dunkle dottera Den dunkle dottera
2017
Kvelande kjærleik Kvelande kjærleik
2018

Other Books in This Series

Historia om det tapte barnet Historia om det tapte barnet
2016
Mi briljante venninne Mi briljante venninne
2015
Historia om det nye namnet Historia om det nye namnet
2015