Fem teaterstykke Fem teaterstykke

Fem teaterstykke

    • 199,00 kr
    • 199,00 kr

Beskrivelse fra utgiveren

Bli kjend med Fosses dramatikk.


Fosse hadde ein ekstrem dramatisk raptus frå tidleg i 90-åra og nesten tjue år fram i tid, og dramatikken hans femner om tjueåtte skodespel, åtte kortare stykke og tre librettoar. Men kva teaterstykke bør ein lese og kjenne til? Kor skal ein byrje?


Jon Fosse har her valt ut fem av dei beste stykka sine, fem stykke som representerer ulike delar av den dramatiske produksjonen hans: Nokon kjem til å kome, Namnet, Draum om hausten, Svevn og Eg er vinden. Nokon kjem til å kome er det aller første teaterstykket Fosse skreiv. Stykka i denne boka er frå ulike tidspunkt i den dramatiske raptusen, frå det første stykket Fosse skreiv i 1993, til Eg er vinden, som hadde urpremiere i 2007.


Her får vi både teaterstykke som i det ytre synest som realistiske familiedrama, og tekstar som er meir lyriske, eksperimentelle – nærmast teaterdikt. Jon Fosse har sagt at han skriv om livet, døden, kjærleiken og åndelege sider ved tilværet, og for han handlar dramatikk mellom anna om det usynleges nærvær. Karakterane er ofte historielause og namnlause, språket er kvardagsleg, musikalsk og repeterande.


Boka har eit forord av den finlandssvenske skodespelaren Stina Ekblad.


Jon Fosse (f. 1959) er rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Fosse kjem frå Strandebarm. I 2011 blei han tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo. Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart og gav seinare ut fleire romanar, diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar. Dramatikk skreiv han for første gong i 1993. Som dramatikar har han sidan midten av 90-åra opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse er i dag ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han har heile tida skrive både prosa og poesi av uvanleg høg kvalitet. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Trilogien. Dei seinare åra har namnet Jon Fosse stadig oftare blitt nemnt i samband med nobelprisen i litteratur.

SJANGER
Kultur og underholdning
UTGITT
2019
17. november
SPRÅK
NN
Nynorsk
LENGDE
513
Sider
UTGIVER
Det Norske Samlaget
STØRRELSE
2,2
MB

Flere bøker av Jon Fosse

Trilogien Trilogien
2015
Andvake Andvake
2011
Det er Ales Det er Ales
2011
Eg er ein annan Eg er ein annan
2020
Mysteriet i trua Mysteriet i trua
2015
Olavs draumar Olavs draumar
2012