• 149,00 kr

Publisher Description

På garden der Vanja bur, er dyra nett sleppte ut på beite. Men så blir fleire av dei sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av?


Hytta som forsvann er andre bok i Klodeklubben – ein heilt ny spenningsserie for barn i alderen 6–9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.


Første bok, Dei svarte svanene, blir utgitt samtidig som Hytta som forsvann. Bok nr. 3 i serien kjem våren 2021.


I Klodeklubben møter vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.


Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.


Jens Kristensen (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, samt illustrert for magasin, reklame og animasjon.

GENRE
Kids
RELEASED
2020
October 22
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
97
Pages
PUBLISHER
Det Norske Samlaget
SIZE
21.1
MB

More Books by Ruth Lillegraven og Jens Kristensen

Other Books in This Series