• 149,00 kr

Publisher Description

Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene.


Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med

ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.


Marit o. Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Marit O. Kaldhol har fått Deutscher Jugendliteraturpreis og er fleire gonger nominert til ALMA-prisen, den største barnebokprisen i verda.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2019
December 6
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
132
Pages
PUBLISHER
Det Norske Samlaget
SIZE
2
MB

More Books by Marit O. Kaldhol