• 229,00 kr

Publisher Description

Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking.

 

Vi kjenner May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Georg Armauer Hansen og oppdaging av leprabasillen. Vi blir kjende med forskaren Sven Furberg som var sentral i løysinga av gåta om DNA-molekylets struktur. Du får historia bak stikket i hælen som alle norske barn får like etter fødselen, og får også lese om rolla til radiokjemikaren Ellen Gleditsch i eit aldri så lite vitskaplege drama som fann stad i radioaktivitetens tidlege historie. Det handlar også om tornadoar på sola, sykloheksanproblemet, om nøkkelprotein hos bier, nordlys og kunsten å dyrke kuler.


Unni Eikeseth arbeider som høgskolelektor i kjemi ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Tidlegare har ho vore vitskapsjournalist i NRK. 

GENRE
Science & Nature
RELEASED
2016
March 24
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
217
Pages
PUBLISHER
Det Norske Samlaget
SIZE
10.7
MB