Norsk og moderne Norsk og moderne

Norsk og moderne

    • $20.99
    • $20.99

Publisher Description

Kva er det vi bør feire i 2014, ved tohundreårsjubileet for 1814? Kven er vi, og korleis vart vi det? Kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet? Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Og kva inneber dét for integrering og deltaking i eit moderne norsk samfunn?


Denne teksten er eit bidrag til begrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn, og samtidig ein politisk pamflett som utfordrar dominerande oppfatningar om kva det er å vere norsk og moderne.


I Gunnar Skirbekks bok framstår dei norske moderniseringsprosessane annleis og som meir spennande enn mange trur – i utgangspunktet som noko å vere stolt over, men og problematiske og utfordrande. Skirbekk forteller vår historie som en stadig pågåande motsetning mellom embetsmannseliter og folkelige rørsler.
Gunnar Skirbekk er internasjonalt ein av våre mest kjende nolevande filosofar. Han var assistent for Herbert Marcuse i California, har samarbeidd med Jürgen Habermas og Karl-Otto Apel, og har alltid vore internasjonalt utadretta. Hans mange bøker og artikler er omsette til over tjue språk, inkludert kinesisk, islandsk og usbekisk. I denne boka vender han blikket heimover, og gir sitt bidrag til diskusjonen om kva det vil seie å vere norsk.

GENRE
Politics & Current Affairs
RELEASED
2017
10 January
LANGUAGE
NB
Bokmål
LENGTH
252
Pages
PUBLISHER
Res Publica
SELLER
eBokNorden
SIZE
1.8
MB

More Books by Gunnar Skirbekk

Krise og medansvar Krise og medansvar
2017
A History of Western Thought A History of Western Thought
2017