Dei døde Dei døde

Dei døde

    • S/ 74.90
    • S/ 74.90

Descripción editorial

James Joyces «Dei døde» (1914) er ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga «Dubliners» inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag. Dette er første gong at ein tekst av James Joyce er gitt ut på nynorsk.

James Joyce (1882–1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det 20. hundreåret. Han ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og samfunnet dei levde i. Samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett og seksualitet.

Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse er ein av Noregs viktigaste forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.

GÉNERO
Ficción y literatura
PUBLICADO
2017
20 de abril
IDIOMA
NN
Nynorsk Noruego
EXTENSIÓN
80
Páginas
EDITORIAL
Skald as
VENDEDOR
eBokNorden
TAMAÑO
1.5
MB

Más libros de James Joyce & Jon Fosse

Ulysses Ulysses
2012
250 Greatest Books Collection 250 Greatest Books Collection
2023
100 Greatest Books 100 Greatest Books
2018
100 Greatest Classic Books of All Time III 100 Greatest Classic Books of All Time III
2019
100 Clásicos de la Literatura 100 Clásicos de la Literatura
2021
Ulysses Ulysses
2008