Dama med hunden og andre forteljingar Dama med hunden og andre forteljingar

Dama med hunden og andre forteljingar

    • $42.99
    • $42.99

Publisher Description

Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til
livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis
dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte.


Utvalet i denne samlinga er omsett av Geir Pollen (f. 1953). Han er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms, men har dei siste tolv åra budd i Russland og undervist ved
universiteta i Sankt Petersburg og Moskva. Frå sommaren 2020 er han busett i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar, både på nynorsk og bokmål, og skriv også litteraturkritikk.


I 2004 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing for Austerlitz av W. G. Sebald.


Anton Pavlovitsj Tsjekhov (1860–1904) er eit av dei store
namna i russisk litteratur. Prosaen hans har vore med på å forme den moderne litteraturen og påverka forfattarar som Ernest Hemingway, James Joyce og Virginia Woolf.


Hans enkle, korthogde og tidlause stil i tekstar som dreier rundt det eksistensielle i menneskelivet, vekte stor interesse hos dei som var med på å utvikle den moderne short story-sjangeren.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2020
March 30
LANGUAGE
NB
Bokmål
LENGTH
296
Pages
PUBLISHER
Skald as
SELLER
eBokNorden
SIZE
5.5
MB

More Books by Anton Tsjekhov