Fyrste kjærleik og annan kortare prosa Fyrste kjærleik og annan kortare prosa

Fyrste kjærleik og annan kortare prosa

    • $38.99
    • $38.99

Publisher Description

I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse.


Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er nobelprisvinnaren frå 1969 for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.

Samuel Beckett (1906–1989), fødd og oppvasken i Dublin, var ein av dei mest vesentlege forfattarane i det tjuande hundreåret. I 1928 flytta han til Paris og byrja etter kvart å skrive fransk, noko han i hovudsak fortsette med resten av livet. Novelprisvinnaren har hatt ein uvurderleg påverknad på heile den moderne litteraturen frå andre halvdel av førre hundreåret til i dag.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2018
March 9
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
178
Pages
PUBLISHER
Skald as
SELLER
eBokNorden
SIZE
939.9
KB

More Books by Samuel Beckett & Jon Fosse

Waiting for Godot Waiting for Godot
2011
Three Novels Three Novels
2009
Endgame and Act Without Words Endgame and Act Without Words
2009
Waiting for Godot Waiting for Godot
2020
The Collected Shorter Plays of Samuel Beckett The Collected Shorter Plays of Samuel Beckett
2010
The Complete Dramatic Works of Samuel Beckett The Complete Dramatic Works of Samuel Beckett
2012