Natural Structurs Natural Structurs

Natural Structurs

Fotokunst - Portfolio

    • $11.99
    • $11.99

Publisher Description

Når eg bodde i Japan i 1994/95 for å ta eit tilleggsstudieår i komposisjon, blei eg kjent med japansk tradisjonell kunst. Samtidig lærte eg mykje om historie og religion, språk og tankesett. Det var eit innhaldsrikt år med gode, viktige erfaringar som har prega min eigen kunstnarskap.
Det har blitt viktig for meg å sjå etter dei små ting rundt meg. Dei er ofte nok til å få seg inspirasjon av. Og som zen-kunstnarar i Japan er opptatt av å bruke minst mogleg av uttrykk, så har eg prøvd å gjere det same i musikken min - ein framgangsmåte som hjelpar til å skjerpe sansane. Samtidig gje den mykje plass til eiga tolkning av kunstverket.
Utgangspunktet for denne måten å arbeide kunstnarisk på er å finne fram til kjernen i inspirasjonsobjektet og overføre den inn i kunstverket. Så gjeld det å ta i bruk minst mogleg uttrykksmateriale. I zen-biletkunsten skjer det oft med berre eit einaste penselstrøk som famnar eit heilt univers av innhald.
Kva kan ein gjere for å oppnår like mykje (eller betre sagt: like lite) i eit fotografi? Det har eg prøvd å finne ut av med å sjå på strukturen til fotoobjektet som f.eks. overflate av ein stein med noko lav på eller bark på eit tre eller årane på eit blad. Det har vore spennande å «utsetje» objektet etterkvart for fargeendring. Resultatet har ofte blitt overraskande. Men likevel ser ein naturen bak all det kunstige. «Natural structures» altså...

GENRE
Arts & Entertainment
RELEASED
2022
August 26
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
14
Pages
PUBLISHER
Bert Handrick
SELLER
Bert Handrick
SIZE
29.4
MB
Light of Autumn Light of Autumn
2022
Glød Glød
2022
Filterfilter Filterfilter
2022
Fascination Fascination
2022
Dark Landscape Dark Landscape
2022
Ni'mru Ni'mru
2022