Vener av Bernhard Vener av Bernhard

Vener av Bernhard

    • $41.99
    • $41.99

Publisher Description

Vener av Bernhard er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for deimeir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze – fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar.


Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen og det å høyre til.


Annemarie Schwarzenbach (1908–1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i etterkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid.Ho døydde ung, og familienhennar, som sympatiserte med
nasjonalsosialistane, la lok på forfattarskapenhennar, og store delar av verket hennar vart destruert.


Først i 1980-åra, etter at nevøen Alexis Schwarzenbach oppdaga ho på nytt, gjenoppstod Annemarie Schwarzenbach med ikonisk kraft. I dag blir ho lovprisa som ein uredd feminist og eintidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.

GENRE
Fiction & Literature
RELEASED
2024
March 21
LANGUAGE
NN
Norwegian Nynorsk
LENGTH
192
Pages
PUBLISHER
Skald as
SELLER
eBokNorden
SIZE
1.9
MB

More Books by Annemarie Schwarzenbach

Gli amici di Bernhard Gli amici di Bernhard
2016
Bilder aus Amerika Bilder aus Amerika
2024
Bilder aus Europa Bilder aus Europa
2024
Das glückliche Tal Das glückliche Tal
2022
Lorenz Saladin Lorenz Saladin
2020
I miei occhi sul mondo I miei occhi sul mondo
2019